Kva er det eigentleg med nordmenn og skotøy om vinteren?
-
Kva er det eigentleg med nordmenn og skotøy om vinteren? No er det minus 10 gradar, og folk spradar framleis rundt med kvite joggesko, som om det er 20 gradar i juli.
Før jul var det is, slaps og regn. Same skotøy da også.
Korfor nyttar ikkje folk skikkelege vintersko tilpassa årstida?
(Ja, nokon er fattige og har dårleg råd, men slett ikkje alle. Fenomenet er like vanleg hos fiffen som hos andre)

@Ivarv93 Her eg er no er det 22 gradar. Dei ti minusgradane kjenner eg ikkje på meir enn 10-12 minutt kvar dag. Så eg skor meg ikkje for ei årstid eg har så lite med å gjere.

@enannenen Det kan eg forstå. Om ein har veldig kort tid utandørs kvar dag, så treng ein jo ikkje varme sko.
...men eg håper dei fleste er utandørs i meir enn 10-12 minutt dagleg?

@Ivarv93 Vi kan jo prøve ei avstemming. Kor lenge er oppheld du deg utandørs ein vanleg kvardag midtvinters?

@enannenen @Ivarv93 Stort sett under 2. Men eg har sjukepleiertøfler på jobb som eg brukar innomhus heile året.
(Poenget: eg forlater heimen med skotøyet som passar til forholda ute uansett – støvlar i regnet, og vintersko om det trengst.)