Våren i nabolaget blir innleia av at naboen kostar heile plassen framfor (nabo)huset. Det er ein børstelyd som varar i ein to-tre dagar, fordi målet tilsynelatande er å fjerne alle spor av grus som eksisterar. Om det skulle vise seg å vere vind dei aktuelle dagane varar det gjerne dobbelt så langt.